|
|
Den
norske folkeskolen 100 år
Den gamle «Almueskolen»
vart ei blanding av fast skole og omgangsskole. Skolelova
frå 23.1. 1739 vart berre ei papirlov. Alt med «Plakaten»
av 1741 vart det overlate til kvar sokn å stelle med
skolen sin. Det var ofte å setje bukken til å
passe havresekken. Det er nesten utriveleg å sjå
korleis uviljen frå bøndene møttest
med uviljen frå styresmaktene i den eineveldige staten.
Resultatet vart på dei fleste stadene ein ring skole,
veik og udemokratisk. Dei fattige fekk så å
seie ingen skolegang, dei velståande fekk det betre,
men slett ikkje bra nok. Til skolekassen vart det betalt
4 skilling pr. barn pr. år. Og dette tykte folk flest
var for dyrt. Her i Verdal var det ei tid berre 2 lærarar.
Dei kosta 20 riksdalar kvar for året. Og det tykte
folk var meiningslaust dyrt og unyttig.
Ole Olsen Nerfåren,
som sjølv var medlem av skolekommisjonen, tok på
eit møte parti med dei som klaga over skoleutgiftene,
og han brukte så grov munn at kommisjonen truga med
å ta medlemskap og andre rettar frå han dersom
han ikkje kalla attende det han hadde sagt. Så vidt
vi kan sjå, gjorde Ole Olsen avbikt, og kommisjonen
og Stiftsdireksjonen let nåde gå for rett.
|
|
Ove Guldberg,
som leidde samansverjinga mot Struensee, tok hans plass
og fekk tittel som statsminister i 1780, var svært
opplysnings-fiendsk og har sagt dei klassiske orda om uviljen
mot folkeopplysning: (sitat) «Mere kundskab gjør
bonden hans stand ufordragelig og udbreder kun lede og kjedsomhed
for det hårde og ensdannede arbeide. Det hele menneskelige
kjøn tåler kun et visst mål av kundskaber,
og enhver stand må derfor have sin visse andel. Det
mere gjør drukkent.»
(Ove Høgh Guldberg 1731-1808)
Almueskolen var ein
einsidig religionsskole, og fastskolane let vente på
seg. Her i Verdalen vart opptaket til den første
fastskolen gjort først i 1811. Ei skolelov frå
1816 gjorde skoletilhøva litt betre, men det var
først i 1827 at Stortinget ved lova av 14. juli 1827
vedtok ei lov om «almueskolen på landet».
|
Utstyr
for elev i 1800 årene. Griffelhuset, griffel, griffel-
tavle, katekisme og forklaringa (spørsmål og
svar).
|
| Men embetsmennene
arbeidde imot reformer, difor vart ikkje denne lova heller
så god som ho burde, og ho skapte slett ikkje nokon
folkeskole. Enno var mange samde med Guldberg: mykje opplysning
for bonden var ikkje bra!
Lova kravde at det skulle
vera fastskolar ved alle hovudkyrkjer. Og der det var industri
med minst 30 arbeidarar, skulle det vera faste skolar. All
skolepliktig ungdom skulle få skoleopplæring
tre, eller i alle fall to månader, for året.
Og skoleplikta skulle vare frå 7-8 årsalderen
og fram til konfirmasjonen i 15-årsalderen. Alle born
over 12 år og fram til 2 år etter konfirmasjonen,
skulle ha plikt på seg til å møte fram
til offentleg overhøvling i kyrkja. Skolen heldt
det faste taket sitt som religionsskole. I skoletida skulle
læraren ha fritt hus, mat og stell. Og han skulle
ha ei løn på minst 80 kroner for året.
Dei faste faga både
i omgangsskolen og dei faste skolane skulle vera: lesing
«med forstandsøvelse», religion, song,
skriving og rekning.
Det viktigaste ved denne
lova var kan hende at det skulle grunnleggjast lærarskolar.
Men skolen var framleis ein religionsskole med konfirmasjon
til mål, og slett ingen folkeskole.
Med skolelova frå
1860 gjer styremaktene eit langt hopp fram mot folkeskolen.
Fagkrinsen blir utvida, bygdene blir inndelte i skolekrinsar,
skolane blir delte eller udelte, borna i delte skolar skal
ha minst 9 skole veker for året, i udelte skolar minst
12 veker. I leseboka blir det tatt med lærestoff frå
geografi, naturfag, historie o.a. Det vart og lovreglar
for«"Den Høiere almueskole» i 1860.
Men kvinner fekk ikkje rett til å arbeide som lærarar
i skolen før ved ei tilleggslov i 1869.
|
|

|
III
Skolelovene hadde enda
så mange veike sider at framsynte kvinner og menn
arbeidde iherdig for ei ny skolelov. Folket vårt gjennomlevde
på denne tida eit nasjonalt gjennombrot, så
det oppdaga seg sjølv og verdet av vår heimekultur.
Eventyra vart samla (Asbjørnsen og Moe), det nynorske
målet såg dagsens lys (Ivar Aasen), folke- høgskolen
vart grunnlagd (Anker, Arvesen, Chr. Bruun), stor dikting
vart skapt (Vinje, Bjørnson, Ibsen), ny musikk steig
fram (Bull, Grieg, Nordraak). I 1885 vart dei to riksmåla
våre jamstelte («Landsmaalet» og «Det
Almindelige Bogsprog»).
Arbeidarar og bønder
reiste seg og kom med sine sosiale krav. Venstrepolitikken
løyste opp embets- mannsveldet, og parlamentarismen
kom. Det var naturleg at alt dette måtte føre
til viktige reformer i skolen.
Og omsider
kom så den viktige skolelova frå 1889, for 100
år sidan.
Vi skal her ta med nokre avgjerande framsteg som lovgivinga
gjorde i 1889.
T.v.:
Psalmodikon og boge brukt i songundervis- ninga før
1900. Harmodinium innkjøpt til skolen i Vuku.
|
|
Skolen heiter ikkje
lenger «almueskole», men folkeskole, ein skole
for alle samfunnslag. Alle born har same rett til fri opplæring.
Føremålet med skolen skal vera å vera
med på å gi borna ei kristeleg oppseding, og
dessutan den allmenndaninga som folket bør ha.
Fagkrinsen skal vera:
religion, norsk, rekning, skriving, song, geografi, soge,
naturfag - og i visse tilfelle andre fag. Skolen er sjuårig,
for born mellom 7 og 14 år. På landet skal kvar
klasse ha ei skoletid på 12 veker for året.
Heradstyret kan auke veketalet til 15, og i visse høve
setje det ned til 9 veker for året.
Presten, prosten og
bispen har rett til å ha tilsyn med kristendomsopplæringa.
Men elles skal no skolen vera løyst frå kyrkja.
|
|
Folkeskolen skal
ikkje vera nokon religionsskole. Presten skal likevel
vera med i skolestyret. Over skolestyret står «overstyret»
(Departementet).
Denne nye lova set større
krav til klassedeling, til utstyr i undervisninga, til skolehus
og til lærar-utdaning. Ho gir og høve til skiping
av framhaldsskolar, som etter kvart vart ei verdfull skoleform.
I byane får borna
rett til å gå på skolen frå 6½
års alder til dei har natt «skolens mål»,
men ikkje lengere inn til dei har fylt 15 år. Skoletida
dei første tre åra av sju, er 18-24 timar for
veka, seinare 24 til 30 timar for veka. Ferien skal vare
12 veker for året, men kan aukast til 16 veker.
|

Kateter
og laustavle som var i bruk før elektrisiteten.
Kiste for omgangsskole, brukt av Mikal Dillan.
|
|
|
Framigjennom åra
har denne skolelova blitt brigda mange gonger. Eit viktig
brigde vart gjort i 1915 då småskolen fekk 12
skoleveker for året og storskolen 14 veker. Den delen
som vart kalla småskolen, var for born mellom 7 og
10 år, og storskolen dei 4 siste åra, for born
mellom 10 og 14 år.
Etter desse vedtaka
fekk så kvart barn i alt gjennom 7 år 147 veker
skolegang.
IV
Om folkeskolelova
gjennom mannsaldrane er reformert og brigda, så er
hovudprinsippet ein fri folkeskole, lik for alle, tatt vel
vare på, og etter at vi har fått 9-årig
grunnskole.
T.v.:
Vasstank,
vassause, vaskerfat og vedkasse.
|
|
Ein annan ting som er
viktig, vart og knesett i 1889: Læraren (dvs. skolen)
skal ha vørnad for morsmålet til elevane og
rette seg etter det i undervisninga. Enda om det ofte
blir synda mot dette prinsippet, er det umåteleg viktig.
|
|
Dessutan har foreldra
i den norske folke- skolen rett til, gjennom avstemning,
å velje den
språkforma skolen deira skal ha, bokmål eller
nynorsk. Ved større skolar er det ofte no fleire
parallellklassar. Såleis kan foreldre med ulikt språksyn
få den opplæringa i norsk som dei helst vil
ha. Det er ein menneskrett og ein verdfull demokratisk skipnad.
Ved 100-årsjubileet
for skolelova 1889, har vi grunn til å takke dei framsynte
kvinner og menn som den gongen satsa på framtida.
Og det gir oss i vår tid ein appell om at vi og må
byggje ein skole for vår framtid! Det er lett å
føre for stuttsynt skolepolitikk, både når
det gjeld innhaldet i skolen, og når det gjeld arbeidsvilkåra
for lærarane.
Politikarane kring hundreårsskiftet
hadde syn for at god lærarutdaning var viktig.
Lovene som kom både i 1892 og i 1902 ber tydelege
merke av det.
|
Utstyr
for elev i mellomkrigsåra. Kuleramme, pensel, blekkhus,
matdåse, lesebok og randsel.
|
|
I det siste har nok
politikarane våre vore så sterkt opptekne av
det som er framandt i kulturen vår, at dei har for-
sømt somme ting i skolen, t.d. norskopplæringa,
både i lærarutdaninga og i grunnskolen. Det
trengst ei vakning på dette feltet. Somme tiltak i
det aller siste syner nok at ei slik vakning er i farten.
Gi at det kan lykkast! Det vil vera ein fin måte å
halde 100-årsjubileum på.
....................................................................
Av Bjarne
Slapgard.
Hentet
fra Årbok 1989 (Utsolgt)
|
|