|
I midten av 50-åra
tok han over som leilending under Verdalsbruket garden
Helmoen i Helgådalen. Han må ha vore ein
dugande jordbrukar, for i hans tid vart det dobbelt
så stor buskap på garden som i formannen
si tid. Han var hendt både som smed og snekkar,
og gjorde sjølv alt han trong både av reidskap
og innbu. Om vinterkveldane gjorde han trekoppar av
ymse slag som han selde.
Men så spesialiserte
han seg på stolar. Han laga seg ein svarvestol
med eit svært stort hjul som måtte sveivast
med handmakt. Alt, like til spindelen, gjorde han sjølv.
Det var grovt og sterkt, men høveleg til det
han skulle brukast til. I denne stolen svarva han på
hundradtal med stolføter gjennom dei mange år
han levde. Det var vinterarbeidet hans dette.
Ho Kari var med
og trakk det store hjulet. Han Jo meinte ho skulle tene
meir med dette enn med å spinne stry for 4 skilling
marka. I håbollen leste han på store lass
med stolar og for utover bygdene og selde. Han var heilt
bortover til bygdene kring Steinkjer og selde stolar,
og prisen skulle ikkje skremme noen, 2 ort stykket.
Dei var mykje etterspurd.
I Verdal var det
vel knapt noen gard der det ikkje fanst helmostolar.
Denne stolen var gjort av bjørk, berre setet
og ei lita fjøl i ryggen var av gran.
|