BJARNE SLAPGARD
Bjarne
Slapgard døde 25. desember 1997. På nyåret tok hans dotter Gunnveig Slapgard Lein
kontakt med biblioteket. Bjarne
Slapgard hadde gitt sin familie beskjed om at alle gjenstandane som var relatert
til hans skriveverksemd skulle donerast til Verdal kommune og plasserast på biblioteket.
Det ble samtidig oppretta eit fond; Astrid og Bjarne Slapgard sitt minnefond,
som eit fondsstyre oppnemnt av kommunen skulle forvalte etter ekteparet sine intensjonar.
To
store bilete, eit av forfattaren og eit av den fullstendige versjonen av «Verdalssongen»,
ble overlevert til kommunen med ønske om at det måtte bli plassert på Stiklestad
Nasjonale Kultursenter. Som
pensjonist besøkte Slapgard biblioteket regelmessig i samband med at han besøkte
søster si i Verdal. Han var æresmedlem i Verdal historielag og ivrig brukar av
lokalsamlinga ved biblioteket. På
nyåret 1998 fikk biblioteket overlevert skrivepulten som forfattaren sjølv hadde
laga mens han budde i Leirådal, stol, skinnveske, skrivemaskin, æresteikn av forskjellig
slag, stempel, bilete og mange andre gjenstandar. Blant
dei sjeldnaste gjenstandane var ei «seljesule med eldgamle håvåll-band»
etter bestemora. Den hadde forsvunne i Verdalsraset, men vart seinare gjenfunne
og tatt vare på. Den er framleis full av leire. Manuskriptet til «Tonen din,
Åsta» vart også gitt til biblioteket. Andre manuskript vart levert til NTNU
for oppbevaring der. På
Verdalsrommet er dei fleste gjenstandane kommunen fikk utstilt permanent, mens
ein del bilete og mindre gjenstandar er av plassomsyn lagra i magasinet.
Unik
gåve til biblioteket (hentet fra årbok 1998)
|